Toppmeny

Kontorhotell gjev moglegheit for bedriftsutvikling

Christel Nyheim Foto: Kari Johanna Tveit

Christel Nyheim
Foto: Kari Johanna Tveit

Opphald på kontorhotell i Barcelona har gjev Christel Nyheim i ID Design nye nettverk og mange nye idear, men ho har også lært at tilværet som gründer ikkje er like enkelt over alt. –Det å få tilgang til ei kontorhotell i designmetropolen Barcelona har vore heilt fantastisk, seier ho.

Christel Nyheim er utdanna grafisk designar og har starta eiga bedrift der jo jobba både med grafisk design og webdesign med spesiell fokus på firmaprofilar. I tillegg til fagutdanning har Nyheim også studert marknadsøkonomi på næringsakademiet og marknadskommunikasjon på BI. Etter ho var ferdig med studiane fekk ho jobb som grafisk designar i Troms Folkeblad på Finnsnes.

For to år sidan deltok Christel Nyheim i utvekslingsprogrammet «Reis og Ryk». Programmet er tilrettelagt for bedriftsleiarar og andre som ønskjer å utveksle idear og kunnskapar på tvers av landegrensene. Nyheim var i Barcelona der ho hospiterte i to veker i ei bedrift som jobba med design og branding. Erfaringane frå dette opphaldet var så gode at ho bestemte seg for å reise attende til Barcelona for å jobbe der over ein lengre periode.

Etablerte si eiga bedrift

Jobben som Nyheim hadde i Troms Folkeblad handla i hovudsak om annonseutforming for trykk og web, men etter nokre år ønskte ho nye utfordringar. Difor bestemde ho seg for å etablere sitt eige selskap, og i januar 2008 etablerte ho seg med kontor i Senja Næringshage.

-Dette gjorde det mogeleg å bruke meir av den kunnskapen eg hadde med meg frå utdanninga, men det gjorde meg også meir mobil, og målet om å reise attende til Barcelona for å jobbe der i ein periode, var mogeleg å realisere, seier gründeren.

Med Barcelona som utgangspunkt

(kontorhotellet i Barcelona) Christel Nyheim, Roy-Arne Johannessen og Guillem Capellades

(kontorhotellet i Barcelona) Christel Nyheim, Roy-Arne Johannessen og Guillem Capellades

Våren 2014 tok Christel Nyheim med seg sambuaren og etablerte seg på kontorhotell i hovudstaden i Catalonia nordaust i Spania. Her er ho samlokalisert med 15 andre kreative bedrifter frå ulike land.

-Lokalisering på eit kontorhotell gjer arbeidsdagen sosial, på same tid som eg også blir inspirert og får nye idear. I tillegg får eg tilgang til nye nettverk, seier Christel Nyheim til Folkebladet. Ho viser mellom anna til at ho har etablert samarbeid med ein fotograf som ho vart kjend med gjennom dei andre som jobba på kontorhotellet.

Fantastisk å skype

Dei aller fleste kundane til Christel Nyheim og ID Design er i Noreg, men den teknologiske utviklinga gjer det mogeleg for henne å oppfylle ein draum om å bu i Spania over ein periode, på same tid som ho også klare å fylgje opp kundane heime i Noreg.

-Eg jobbar digitalt og har møter via telefon eler videoskyp. I tillegg samlar eg opp nokre kundemøter når eg er heime. Eg er jo i ein bransje som krev konstant kreativitet, inspirasjon og idear, og eg syns det er fantastisk at det er mogeleg å jobbe på denne måten, seier Nyheim.

Design er ein del av kulturen i Barcelona

Designstudiane er i fylgje Nyheim ikkje internasjonale sjølv om faget er ganske likt over delar av verda.

-Bra design er universelt, og trendane innan webdesign er like i vestlege kulturar, seier Nyheim og viser til at webspråket også er likt. Ho framhevar vidare at Barcelona er ein designmetropol, og at design er ein del av kulturen i byen.

Enklare å vere gründer i Noreg

Sjølv om Christel Nyheim har lær mykje nytt under opphaldet i Barcelona, så ser ho også at livet som gründer er litt enklare heime i Noreg.

-Der heime har vi i første rekke eit veldig raskt internett, noko som kan vere ei utfordring her nede. I tillegg har vi gode rammer med tanke på å drive bedrift i Noreg. Vi har sosiale rettigheiter, vi har ein betre betalingskultur, og ein betre kontraktskultur, seier Nyheim. Ho meina at vi eigentleg har det ganske greitt i Noreg, noko ho har forstått veldig godt etter ho reiste til Spania.

-Dette landet lide enno under finanskrisa, og dei gründerane som har overlevd har eit enormt pågangsmot, seier Christel Nyheim til slutt.

Dyrøyseminarsenteret KF, Tverrveien 1, 9311 Brøstadbotn Innlogging