Toppmeny

Staduavhengig utdanning i praksis

Nina presentererNina Nikolaisen bur med familien i Brøstadbotn og jobbar i halv stilling ved Dyrøyseminarsenteret KF. Maria S. Thorarensen bur også i Dyrøy og har nyleg fått sitt femte barn. I tillegg er dei to dyrøyværingane no i gang med deltidsstudiet Rådgjeving 1 (30 Stp) som er ei påbygning etter at dei i fjor fullførte Grunnstudium i pedagogikk 1 med fordjuping i sosial- og spesialpedagogikk (30 Stp).

Studiet er eit tilbod frå Høgskulen på Nesna i samarbeid med Studiesenteret.no og tilrettelagt via videokonferansar i tillegg til faglege samlingar. Denne organiseringa gjer det mogeleg for Nina og Maria å kombinere utdanning med arbeid og familieliv på heimplassen. Men det betyr ikkje at dei to studentane frå Dyrøy ikkje har andre å diskutere  fag med.

Her legg Nina fram ein fagpresentasjon for lærar og 40 medstudentar som er lokalisert på ulike stadar rundt omkring i landet.

Her fortel Maria om sin kvardag som småbarnsmor og deltidsstudent.

Dei to studentane frå Dyrøy bruka kontorhotellet i Brøstadbotn regelmessig. Her har dei tilgang på leseplass, studeierom og møterom med mogelegheit for lyd/bilde overføring.

Dyrøyseminarsenteret KF, Tverrveien 1, 9311 Brøstadbotn Innlogging